
Forventes utgitt: 04.06.2026
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Grunnleggande innføringsbok i matvarekunnskap skriven for bachelorstudium i ernæring. Etter ein gjennomgang av næringsstoffa og kva som trengst i eit fullverdig kosthald, går forfattarane igjennom dei ulike matvaregruppene, kva som kjenneteiknar dei når det gjeld næringsstoffinnhald, bruksmåtar – historisk og i dag, lagring og tilarbeiding. Boka gir ei grundig forståing av matvarer og deira bruk i hushaldningar og matvareindustrien, inkludert kunnskap om konserveringsmetodar, mathygiene, vurdering av matkvalitet, mattryggleik og helserisiko. Boka har også eigne kapittel om forbrukarkunnskap, berekraft, matkultur og ulike kostomsyn, og i eit eige kapittel avslutningsvis blir det gjort greie for kva metodar som blir brukte for å kartleggje kosthald i befolkninga.MONICA HAUGER CARLSEN er professor ved avdeling for ernæringsvitskap ved UiO. Carlsen har forska på og undervist om emne innanfor kosthaldsmetodar, matvarekunnskap, kostråd, næringsstoffanbefalingar og kosthaldsepidemiologi, og har det faglege ansvaret for kostberekningssystemet NutriFoodCalc ved UiO. Ho er medlem av Vitskapskomiteen for mat og miljø, og EuroFIR AISBL. DAGEUN ENGESET er førsteamanuensis ved Universitetet i Agder der ho underviser i samfunnsernæring, folkehelse, og mat og helse for lærarutdanninga. Engeset har doktorgrad i ernæringsepidemiologi og har lang og brei erfaring frå forsking på samanhengen mellom mat og helse, både nasjonalt og internasjonalt.
Detaljer
-
ISBN:
9788234010286
-
Språk:
-
Forlag:
Samlaget
-
Fagtema:
Medisin og sykepleie
-
Emne:
Ernæring, Folkehelse, Matvarer
-
Målgruppe:
, Voksne
-
Litteraturtype:
-
Form:
Lærebøker







