
Dad eller teiknaren Eyvin Ovrum
Ovrum, Jon
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Eyvin Ovrum, far til Frigg-gutten eller Frigge-Paal, var mest kjend som reklameteiknar, menhan starta som avisteiknar. Det tok til i St Paul’s Dispatch and Pioneer i 1909, det heldt fram iMorgenbladet i 1911, og i 1915 grunnla han reklamefirmaet Atelier E-O. Han ga seg med reklamerundt 1940, fordi annonsane ikkje lenger skulle vere morosame. Hans tid som teiknar gir seg òg iall hovudsak på denne tida. Etter 2.verdskrigen var firmaet kjent for teikneseriar, som alle varteikna av Kaare Bratung.Han var i reklameverda rekna som ein sentral figur for moderne reklameverksemd. Han bruktefolkeeventyr og anna litteratur han kjente, og humor var eit av kjennemerka hans. Begge delarfinn vi i avisarbeida hans òg. Han leita alltid etter det sentrale i intervju- og reklame-objektet ogfreista sjå det uvanlege og gjerne det humoristiske. Eyvin Ovrum var med å stifte Tegnerforbundet og var den første leiaren der. Han dro i gangmedlemsbladet Numer og leverte både teikningar, tekstar i dei fire første utgåvene.Han brukte òg å skrive eigne reportasjar i avisene. Det starta han med i USA og heldt fram IKristiania, men det blei ikkje bare i avis. Han skreiv nokre bøker og lagde småhefter både forbarn og vaksne.Her brukte han signaturen Dad, noko som blei eit namn familien og kjente alltidbrukte om han. Skrivinga har dei same kjennemerka, naturleg nok, som teiknearbeida hans - humor,vidd og artige vinklingar.Jon Ovrum (f. 1947) er pensjonert lektor frå den vidaregåande skulen, med hovudfag i historie og med støttefaga nordisk, kunsthistorie og filosofi. Han har skrive både bok- og musikkom- taler i, og ein rad småtekstar på baksida av, avisa Klassekampen. For nokre år sidan ga han ut boka «Året rundt med Caravaggio», med omtaler av dei fleste målarverka til den kjende, italienske målaren.
-
Utgivelsesdato:
20.02.2025
-
ISBN/Varenr:
9788230027523
-
Språk:
Norsk (nynorsk)
-
Forlag:
Kolofon
-
Innbinding:
Innbundet
-
Fagtema:
Samfunn og samfunnsvitenskap
-
Målgruppe:
Voksen
-
Litteraturtype:
Sakprosa
-
Originalspråk:
Norsk (nynorsk)
-
Sider:
251
-
Høyde:
24.8 cm
-
Bredde:
18 cm