Hopp til hovedinnhold
Omslagsbilde

Sandflåten : fjordafart med dunkande motor og grått gull i lasta

Leiren, Dag Inge

Innbundet

I salg

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Ein flåte av fraktebåtar lasta til ripa med singel og sand – det gråe gullet. For folk langs Osterfjorden var dette sjølve livsnerven frå 1870 og utover. I velmaktsdagane kunne fjordstrilane skilja dei ulike sandskutene berre på lyden av dei taktfaste dunka frå maskina. I dette praktverket tek Dag Inge Leiren oss med på ei reise gjennom sandfartøya si historie i Osterfjorden. Han presenterer heile 191 fartøy kronologisk frå 1900 og fram til i dag. Boka følgjer kvar båt «frå vogge til grav» gjennom skiftande eigarar, nye namn og heimehamner langs vår langstrakte kyst. Her er både kvardagar og dramatiske forlis. Felles for alle fartøya er fartstid i Osterfjorden, men folk langs heile kysten vil finna att kjente og kjære båtar frå ei svunnen tid. Boka gjev eit viktig innblikk i sandfrakta og rommar òg ei rekkje personlege historier, sitat, dikt og songar. Dette er ei skattkiste for alle som er glade i skipsfartshistorie og vår nære fjord- og kystkultur! Dag Inge Leiren (f. 1973) vaks opp på Stamnes med djupe røter i sandfartsmiljøet. Han har samla inn historisk materiale og bilde gjennom fleire tiår. Leiren gav i 1993 ut boka "Fraktebåtane i Stamnes 1901-1993".

Detaljer