Hopp til hovedinnhold
Omslagsbilde

Nynorsk som sidemål : øvingshefte med løysingar

Hole, Nils Martin

Heftet

Utsolgt

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Nynorsk som sidemål er først og fremst meint som ei hjelp for deg som er elev i ungdomsskolen eller i den vidaregåande skolen med nynorsk som sidemål. For å kunne skrive god nynorsk må du ha grundig kjennskap til det nynorske formverket. Nynorsk som sidemål gir deg slik grunnleggjande kunnskap og samtidig mange praktiske øvingar i å meistre dei ulike vanskane. Når du arbeider deg systematisk gjennom heftet, blir du sikrare i det nynorske formverket, og sjølve skriveprosessen vil vere lettare og meir naturleg. I tredje utgåva er det gjort mindre endringar og rettingar. I tillegg til eksamensoppgåvene i norsk sidemål for den vidaregåande skolen frå 2003 er eksamensoppgåvene i norsk for grunnskolen frå 2003 tekne med. Også utdrag frå sensorrettleiingane er med i heftet. Nils Martin Hole har lang erfaring som norsklærar og arbeider ved Marikollen ungdomsskole i Bergen.

Detaljer