Hopp til hovedinnhold
Omslagsbilde
Kulturfond

Spencer og sjøormen : (Spencer an uilebheist)

Soltvedt, Thor

Innbundet

Forventes utgitt

Forventes utgitt: 06.10.2026

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Den snart ti år gamle Spencer Gilmour har flytta frå Skottland til ei lita øy i Noreg saman med mora Fiona. Der bur dei med Sjur, kjærasten hennar. Både Spencer og Fiona saknar Drumnadrochit, heimstaden ved Loch Ness. Om kveldane fortel Fiona om sjøormen Nessie, som ho er overtydd om finst i det mørke djupet. Fiona er sjuk, og ho trur at Nessie er den einaste som kan hjelpe henne. Derfor reiser ho, Spencer og bestevenen hans, Tobbe Solfødt, til Skottland. Alt den fyrste natta vekkjer Fiona Spencer og får han med seg ut på Loch Ness i ein gammal robåt. Spencer vil helst snu. Men ute på den mørke sjøen skjer det noko han ikkje kan forklare, og som han ikkje veit om han kan fortelje til nokon.

Detaljer