Hopp til hovedinnhold
Omslagsbilde

Truskap - rettferd : ei bok om Magnhild Hagelia

Igland, Alf Kjetil

I salg

Leveringstid: 9-12 dager

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Magnhild Hagelia (1904-1996) var frå Gjerstad, der ho i unge år var særs aktiv i ungdomslaga og ein forkjempar for fråhald og nynorsk. Ho var ein kulturberar av dei sjeldne. Frå 1935 kom ho med i Arbeidarpartiet, der ho snart fekk leiande verv lokalt og på fylkesplan. Som forsyningsleiar i heimkommunen under krigen synte ho store administrative evner og sette seg i respekt for sin klokskap og handlekraft.På stortinget (1960-1965) braut ho mange barrierar. Mest merksemd fekk ho i 1962 då ho som første kvinne leia eit møte i nasjonalforsamlinga (biletet), men ho var òg den første kvinna frå Agder på Stortinget. Ho kjempa for kvinners rettar og for at dei måtte engasjere seg i politikken. I tillegg til hjartesakene sine arbeidde ho mykje med bustadspørsmål, særleg for einslege kvinner. Hagelia var overtydd sosialdemokrat og trudde på eit samfunn med plass til og velferd for alle. Ho var djupt forankra i partiet, men sjølvstendig og røysta mot leiinga om ho fann det rett.På 1950-talet flytta ho til Fjære ved Grimstad, der ho etter stortingsåra engasjerte seg i lokalpolitikken medan ho skjøtta arbeidet hos Fylkesrevisoren. I pensjoniståra arbeidde ho mykje med lokalhistorie frå Fjære og Gjerstad. Ho blei ein skatta føredragshaldar og kåsør på tvers av alle skilleliner. Hagelia blei felleseiget «Magnhild».Konsulenten skriv: Manuskriptutkastet til biografien om Magnhild Hagelia byggjer på eit grundig arbeid, og forfattaren kastar nytt lys ikkje berre over livshistoria hennar, men også over Norge sett frå Agder og norsk historie i etterkrigstida.

  • Utgivelsesdato:

    01.05.2025

  • ISBN/Varenr:

    9788283901726

  • Språk:

    Norsk (nynorsk)

  • Forlag:

    Novus forlag

  • Innbinding:

    Innbundet

  • Fagtema:

    Samfunn og samfunnsvitenskap

  • Emne:

    Politikere, Arbeiderpartiet, Norge

  • Målgruppe:

    Voksen

  • Litteraturtype:

    Sakprosa

  • Originaltittel:

    Truskap - rettferd

  • Originalspråk:

    Norsk (nynorsk)

  • Sider:

    607

  • Høyde:

    24.7 cm

  • Bredde:

    18 cm

Brukseieren : Mons Fuhrs liv og virke

Brukseieren : Mons Fuhrs liv og virke

Igland, Alf Kjetil
9788202566562 Innbundet
08.03.2019
Norsk (bokmål)

I salg
Sam O. Berge : en livsskildring

Sam O. Berge : en livsskildring

Igland, Alf Kjetil
9788283140231 Innbundet
07.11.2014
Norsk (bokmål)

Utsolgt
Kommentaren

Kommentaren

Stølås, Audun • Igland, Alf Kjetil
9788271473129 Heftet
08.12.2008
Norsk (bokmål)

Utsolgt