
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Mange barn og vaksne i norske barnehagar og klasserom har erfaringar frå mange andre skriftsystem enn det latinske alfabetet. Få ei innføring i korleis dette blir ein ressurs i opplæringa. Som lærar og barnehagelærar er det stor sjanse for at du møter barn, unge og vaksne som har erfaringar frå andre skriftsystem enn det latinske alfabetet vi brukar i Noreg. Det kan vere elevar som har lært å skrive med arabiske bokstavar før dei kom til Noreg, barnehagebarn med russiske foreldre som skriv namnet sitt med kyrilliske bokstavar, eller barn som har lært å skrive med tamilsk skrift på den tamilske laurdagsskulen. Ein lærar som har kunnskap om skrifterfaringane til eleven, kan lettare hjelpe eleven til å bygge bru til det norske alfabetiske skriftsystemet. Denne boka gir nettopp det: Grunnleggande kunnskap om skriftsystema og gode råd for korleis arbeid med skriftsystem og synleggjering av den skriftspråklege kompetansen i klassen kan styrke det metaspråklege medvitet hos alle elevane i klassen. Forfattaren gir mange døme på skriftspråkslæringa til skuleelevar, barnehagebarn og deltakarar i vaksenopplæring og på gode undervisningsopplegg. Både lærarar og lærarstudentar vil ha stor nytte av denne boka. Edit Bugge er førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen på Vestlandet. Der underviser ho i lærarutdanninga og i barnehagelærarutdanninga, og ho er knytt til forskingssenteret BARNkunne. Ho har skrive ei rekkje vitskaplege artiklar om barns språktileigning og om språkleg variasjon og endring.
Detaljer
-
Utgivelsesdato:
22.10.2019
-
ISBN:
9788215034928
-
Språk:
-
Forlag:
Universitetsforlaget -
Fagtema:
-
Emne:
, Skriving , Undervisning
-
Målgruppe:
, Voksne
-
Litteraturtype:
-
Form:
-
Originaltittel:
Skriftspråkleg mangfald som ressurs i opplæringa
-
Sider:
77
-
Høyde:
19 cm
-
Bredde:
15 cm



