Hopp til hovedinnhold
Omslagsbilde

Det saltlause saltet : roman

Heggland, Johannes

Nattvatn

|

Innbundet

Utsolgt

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Det saltlause saltet er eit framhald av romanen Sjå kor dei elskar kvarandre (1997), konsentrert kring familien Nattvatn på garden mellom Bygd og Sokn. Sikfus, emissæren som innrømde å ha bore seg usedelig åt på ferdene sine, er no død. Han etterlet seg to ting som vert dei ytre drivkreftene i romanen: eit manuskript om livet sitt og røynslene sine, og eit surr av folkesnakk om at den ulukka som tok livet hans, kanskje ikkje var ei ulukke likevel. Det saltlause saltet er òg ein roman som skildrar korleis eit heller konservativt bygdesamfunn møter moderniteten, eller kanskje helst seinmoderniteten: industrialisering, oppløysing av tradisjonelle norm- og familiestrukturar, og mediefokuseringa på intime sider ved privatlivet. Hegglands styrke ligg i skildringa av menneska og tilhøvet mellom dei, og som i dei tidlegare bøkene hans er det her òg eit stort og fargerikt persongalleri.

Detaljer