
I salg
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Det er 25 år sidan sist David Storm var i småbyen på nordvestlandet som er kjend for sin årlege jazz-festival. Når han no vitjar byen, møter han att mellom andre Johan Ferdinand, bestevenen frå ungdomstida som var eit stort musikalsk talent. Raskt byrjer minnene å strøyma på - dei fleste frå gymnas-tida på midten av 60-tallet da ungdommeleg søken fekk nye alternativ, og både kristendomen, kunsten, politikken og kjærleiken krevde at det vart teke stilling. David ber på ein eigen uro etter at han i ungdomen vart fortalt at det kviler ei forbanning over familien Storm. Og gjennom minnene og møtene kjem no meir for ein dag enn han tidlegare har teke inn over seg.










