
Forventes utgitt: 15.10.2026
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Boka Skikompis formidlar livsviktig kunnskap om snøskred og trygg ferdsel til alle som er på ski i vinterfjellet, går topptur eller driv frikøyring. Denne unike boka kom ut første gong i 2013, og forfattar Christer Lundberg Nes fekk Fjellskikkprisen av Noregs Raude Kors Hjelpekorps for arbeidet. Bokablir brukt som pensum mellom anna i skredkursstigen til Norsk Fjellsportforum og på ulike friluftslivsutdanningar på høgskule/universitet. Skikompis er bygd opp rundt ferdselsmønster etter kor krevjande terreng du går eller køyrer i. Boka skildrar korleis terrenget i vinterfjellet kan delast inn etter systemet kjent som KAST – klassifisering av skredterreng. Gjennom fire ulike ferdselsmønster som svarar til dei ulike terrengklassane i KAST, får du ei lettfatteleg pedagogisk reise gjennom snøskredfaget. Boka har mange gode illustrasjonar som saman med bilete gir deg svært mykje informasjon om vêr, snø, skredproblem, ferdselsråd og redning. Boka viser samanhengane mellom praktiske kjapptestar og observasjonar i terrenget med skredproblem frå skredvarselet på varsom.no.
Detaljer
-
Illustratør:
-
ISBN:
9788269502138
-
Språk:
-
Forlag:
April Publishing -
Fagtema:
-
Emne:
-
Målgruppe:
, Voksne
-
Litteraturtype:
-
Originaltittel:
Skikompis
-
Utgave:
1


