Hopp til hovedinnhold

Klikk her for å se avvik og utvikling i leveransene våre (sist oppdatert 22.8)

Omslagsbilde

Steinmål og strengesong : om Ragnvald Skredes lyrikk

Heftet

I salg

Leveringstid: 9-12 dager

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

«Takk for diktsamlinga di! som gledde meg med å sjå at du stig fram som ein av dei største lyrikarane vi har», skreiv Kristofer Uppdal då RAGNVALD SKREDE (1904–1983) debuterte med Det du ikkje veit i 1949. Skrede var frå Vågå i Gudbrandsdalen, og opplevingar i barndommen og førkrigsåra ligg som ein klangbotn i forfattarskapen. Skrede hadde sona ein dom, av mange vurdert som eit justismord, og den plaga og forfølgde outsideren er ein gjennomgangsfigur i dikta – den utstøytte som følgjer si eiga leiestjerne. Til saman gav Skrede ut 12 diktsamlingar, og han var ein toneangivande kritikar, forlagsmann og omsetjar med stor innverknad på norsk kulturliv i etterkrigstida. For 1960-talsdebutantane representerte Skrede eit forelda diktarideal, og forfattarskapen har i nyare tid fått langt mindre merksemd enn livet hans. Steinmål og strengesong. Om Ragnvald Skredes lyrikk hentar fram att Skrede som lyrikar og gjendiktar. Å gjenlese Skrede fører oss inn i grunnstemningar i etterkrigslyrikken, men òg inn i uventa tankevendingar og eksistensielt alvor.