
Samskriving i skolen : med og utan kunstig intelligens
Sørhaug, Jon Olav
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Samskriving kan fremme sosiale eigenskapar, faglege og skriftlege ferdigheiter. Men korleis fungerer samskriving eigentleg i skolen? Kva må læraren tenke på for at samskriving ansikt-til-ansikt eller i digitale miljø skal fungere godt? Korleis kan elevar bruke kvarandre eller praterobotar som læringsfremmande støtte for eiga skriving? Frå lærarstøtte og gruppearbeid til tekstproduksjon med språkmodellar: gode måtar å samskrive på ser ut til å vere viktigare no enn nokon gong før. I denne innføringsboka blir dei mest brukte framgangsmåtane, effektane og problema ved samskriving gjennomgått og kritisk diskutert. Boka går i djupna på teoriar om samarbeid og skriving, men gir samtidig ei rekke praktiske eksempel frå nyare skriveforsking i skolen. I tillegg inneheld boka 20 konkrete undervisningsmetodar for samskriving frå begynnaropplæringa og heilt fram til dei eldste elevane i skolen. Jon Olav Sørhaug er førsteamanuensis i norskdidaktikk ved Universitetet i Agder og forfattar. Han har spisskompetanse på digital teknologi og skriving. Sørhaug underviser lærarstudentar, vidareutdannar lærarar og forskar på bruk av generativ kunstig intelligens i skolen.
-
Utgivelsesdato:
01.04.2025
-
ISBN/Varenr:
9788234013966
-
Språk:
Norsk (nynorsk)
-
Forlag:
Samlaget
-
Innbinding:
Heftet
-
Fagtema:
Samfunn og samfunnsvitenskap
-
Emne:
Skriving, Undervisning
-
Målgruppe:
Voksen
-
Litteraturtype:
Faglitteratur
-
Originaltittel:
Samskriving i skolen
-
Originalspråk:
Norsk (nynorsk)
-
Sider:
125
-
Høyde:
24 cm
-
Bredde:
17.1 cm