Hopp til hovedinnhold
Omslagsbilde

Raus og nådelaus : historia om Trond Mohn

Hinna, Anne Kari

Innbundet

Forventes utgitt

Forventes utgitt: 15.10.2026

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

For første gong kjem historia til den gåvmilde og gåtefulle Trond Mohn. Industrimannen og investoren Trond Mohn er ein hard forretningsmann med ein vilje av stål, men òg sosialdemokrat, opptatt av fellesskapet og norske arbeidsplassar. I lang tid har Mohn vore den største sponsoren til Arbeidarpartiet og har hatt ein tett relasjon til LO. Han har gitt milliardar til norsk samfunnsliv. Journalisten Anne Kari Hinna fortel i denne boka historia om Trond Mohn, om foreldra og flukta deira til Skottland under andre verdskrigen, oppveksten med tvillingbroren Stein Mohn og korleis rikdommen blei skapt i familiebedrifta Frank Mohn AS. Det er òg ei historie om maktspel og bitre familiekonfliktar – med tvillingbroren, og med hans eigen son. Trond Mohns sjenerøsitet har forandra lokalsamfunn, bygd sjukehus og styrkt idretten i heile landet. Boka viser fram kva som har vore motivasjonen hans for gåvene til fellesskapet, og kor viktig personlege relasjonar har vore i det filantropiske arbeidet.

Detaljer