
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
«Eg gidd ikkje eingong å ta livet av meg, det er så keisamt.» (Frå Georg Büchner «Lenz»). Georg Büchner skreiv forteljinga Lenzto år før han døydde, men ho blei først gitt ut posthumt i 1839. Teksten er basert på dagbøkene til presten Johann Friedrich Oberlin frå vinteren 1778. Då hadde forfattaren Jakob Michael Reinhold Lenz søkt tilflukt hos han, forvirra og på veg inn i galskapen. Büchner kjende seg igjen i Lenz og skreiv ei skildring som både i form og innhald staka ut ein ny veg for litteraturen: innover i menneskesinnet, utan blikk for konvensjonar og moralske fordommar. Hovudsaka for Büchner var innleving i andre menneske, og gjerne dei som fall utanfor samfunnet. Hovudpersonen i Lenzkjenner seg trengt opp i eit hjørne, og galskapen blir den yttarste konsekvensen av det mislykka og umoglege opprøret mot samtidas konvensjonar. Lenzer såleis rekna som ein av dei første tekstane i den moderne litteraturen. Skalds klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.
-
Oversetter:
-
Utgivelsesdato:
05.12.2018
-
ISBN/Varenr:
9788279592853
-
Språk:
-
Forlag:
Skald
-
Sjanger:
Biografiske fortellinger
-
Emne:
1700-tallet, Frankrike, Lenz, Jakob Michael Reinhold (1751-1792), Psykiske lidelser
-
Målgruppe:
, Voksen
-
Litteraturtype:
-
Form:
Fortellinger
-
Originalspråk:
-
Sider:
46
-
Høyde:
18.5 cm
-
Bredde:
12.5 cm
-
Innkjøpsordning:
Oversatt skjønnlitteratur