Hopp til hovedinnhold
Omslagsbilde

Hå kulturhistorie. Band 3. Frå 1870 til 1945

Utsolgt

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Dette er det tredje bandet av fire i Hå kulturhistorie. Til skilnad frå fleire bøker om lokalhistorie har dette verket eit breiare perspektiv å syna kommunen sin identitet og lokale mentalitet. Men dette er ikkje faste storleikar, dei er omskiftelege etter tid og etter kven sine auge som ser. Identitet og mentalitet veks fram i det levde liv som eit møte mellom den eine og dei andre, mellom den vesle og store verda, mellom natur og kultur. I tekst og bilete vil Hå kulturhistorie fortelja om fortida og visa samanhengar mellom fortid og notid. Dette bandet byrjar med eit breitt oversyn over utviklinga i Hå frå siste halvdel av 1800-talet til slutten på andre verdskrigen. I denne perioden skjer det dramatiske endringar på Jæren. Samfunnet går over frå å vera eit småskalasamfunn der dei lokale tilhøva set grenser for livet på staden, til å vera eit massesamfunn der ein stadig meir blir involvert i verdssamfunnet. I Hå endra næringslivet seg: jordbruket med auke i mjølkeproduksjonen, oppretting av meieri og nye jordbruksmaskinar, handelen med fleire handelsmenn, handelslag og forbruksforeiningar og industrien med teglverk og tare- og trevareindustri. I 1878 kom Jærbanen og framveksten av stasjonsbyane Nærbø, Varhaug og Vigrestad. Kommunevesenet og kommuneoppgåvene blei annleis. Fråhaldslag og misjonsforeiningar vart oppretta. Me ser korleis standpunkt endra seg over tid i denne perioden, ikkje minst i synet på kva kvinnerolla kunne vera; i 1913 fekk kvinnene ålmenn røysterett. Denne perioden inneheld to av dei mest dramatiske hendingane som har råka landet vårt verdskrigane. Under andre verdskrigen fann det stad noko som skaka Hå-samfunnet og vart eit sårt punkt lenge etter krigen avrettinga av 15 unge jærbuar som skulle flykta til England.

  • Utgivelsesdato:

    30.10.2014

  • ISBN/Varenr:

    9788232102303

  • Språk:

    Norsk (nynorsk)

  • Forlag:

    Fagbokforlaget

  • Innbinding:

    Innbundet

  • Fagtema:

    Livsstil, hobby og fritid

  • Emne:

    Hå, Kulturhistorie

  • Målgruppe:

    Voksen

  • Litteraturtype:

    Faglitteratur

  • Originaltittel:

    Hå kulturhistorie : band 3 : frå 1870 til 1945

  • Originalspråk:

    Norsk (nynorsk)

  • Sider:

    517

  • Høyde:

    27.5 cm

  • Bredde:

    21.5 cm