
Utsolgt
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Handlinga i denne romanen utspeler seg på landsbygda i Estland i ei uspesifisert tid. Handlinga byrjar på den vekedagen som har mest magi og trolldom i seg, ein torsdag, og skjer i løpet av ein månad. Storgodset og den tyske baronen er det sosiale og geografiske sentrum i romanen, som landsbyfolket grupperer seg rundt. Under- og overjordiske vesen av mange slag speler òg viktige roller. I følgje forlaget kan ein lese boka som ein harselas over det nye sjølvstendige Estland der livets mål og meining er å bli rik, og der alle middel kan nyttast.
