
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Boka er ei analyse av utviklinga i det lokale organisasjonssamfunnet med hovudvekt på perioden etter 1980. Boka syner at årtusenskiftet representerer eit tidsskilje for frivillig organisering i Noreg: Det markerer sluttpunktet for folkerørslene sin dominans i det norske organisasjonssamfunnet. Veksten skjer no i meir uforpliktande og uformelle aktivitetar retta mot nærmiljø, kultur og fritid. Organisasjonssamfunnet går frå å vere konfliktorientert og samfunnsretta til å bli konsensusorientert og medlemsretta. Det nasjonale og lokale nivået i organisasjonssamfunnet lever i aukande grad kvar sine liv. Forfattarane argumenterer for at desse endringane er knytte til utviklingstrekk elles i samfunnet, ikkje minst til auka individualisering, endringar i kjønnsrollene og teknologiske endringar. Det lokale organisasjonssamfunnet speglar samfunnet i stort. Men samspelet mellom organisasjons- og samfunnsendring går begge vegar: Kva type organisasjonar den einskilde er villig til å engasjere seg i, og korleis ein ønskjer å delta, har konsekvensar for kva sivilsamfunn og demokrati vi får. Dei endringar som no skjer, er så omfattande at det kan vere rett å tale om eit demokrati av ny type. Dag Wollebæk er cand.polit. frå Universitetet i Bergen. Siden 1997 har han arbeidd med problemstillingar som er knytte til frivillig organisering. Wollebæk har publisert fleire artiklar om frivillige organisasjonar og om miljøideologi og -åtferd. Per Selle er dr.polit. og professor ved Institutt for samanliknande politikk, Universitet i Bergen, og seniorforskar/forskingsleiar ved LOS-senteret. Han er i dag med i makt- og demokratiutgreiinga. Per Selle har i mange år forska på frivillig organisering og har skrive fleire bøker.
Detaljer
-
Utgivelsesdato:
2002
-
ISBN:
9788276748109
-
Språk:
-
Forlag:
Fagbokforl. -
Fagtema:
-
Emne:
-
Målgruppe:
, Voksne
-
Litteraturtype:
-
Originaltittel:
Det nye organisasjonssamfunnet
-
Sider:
266







