
Leveringstid: 9-12 virkedager
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Dagen er draum. Anniken spring så den turkise skjortekanten skjer seg inn i kratt og tornar. Dei kvite krøllane dansar og viklar seg inn i eine augnekroken. Ho dreg i ein hårfloke og snublar over ei svart trerot. Sarte, ravgule strå svingar seg i vestakulingen. Bort, langt bort, vil ho. Bort frå den teite skuledagen og dei ekle maurane i kroppen.Slik startar Jordbær i Genève, ein oppvekstroman om Anniken frå Svanøya og Khalil frå Kabul. Boka skildrar Anniken si reise til ein FN-konferanse i Genève, der utdanning og menneskerettar står i front. Men dette er også ei forteljing om den fyrste kjærleiken, om mangfaldet i naturen, og om ei ung danningsreise.Korleis er det å leve med traume? Korleis kan ein skape seg eit verdig liv i eit nytt land? Og kva verdi har den gode samtalen i kampen for ei betre verd?Jordbær i Genève er ei vakker og viktig bok for ungdom, som vaksne òg vil ha glede av å lese.Siv Merethe Aannevik er lektor, og har arbeidd som rådgjevar og vore leiar i Utdanningsforbundet i Florø i mange år. Ho arbeider no for Bufetat, og har tidlegare gitt ut boka Med vind i håret. Korleis lykkast med fosterbarn? Aannevik har òg skrive fagtekstar og artiklar, og ho er representert med dikt og noveller i ulike antologiar.
Detaljer
-
Utgivelsesdato:
17.12.2024
-
ISBN:
9788293636564
-
Språk:
-
Forlag:
Skriveakademiet -
Emne:
-
Målgruppe:
, Ungdom
-
Alder:
13 - 16
-
Litteraturtype:
-
Form:
, Romaner
-
Originaltittel:
Jordbær i Genève
-
Sider:
143
-
Høyde:
20.5 cm
-
Bredde:
13 cm
-
Bokomslagsdesigner:
