Hopp til hovedinnhold
Placeholder image

Lothepus-manualen : dette fiksar du

Lothe, Leif Einar

Forventes utgitt

Forventes utgitt: 02.10.2025

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Ei handbok om korleis du lagar ei perfekt steik, sprengjer eit fjell, bruker ei sag, unngår slips, imponerer ei dame, og andre verktøy du treng for å fiksa livet. Dei fleste av oss tok korkje eksamen i korleis ein sløyer fisk, handterer ei sag eller slår ein båtsmannsknop. Du har kanskje stått der rådlaus sjølv, med ein tett kjøkkenvask og ei flaske kvikkfiks som ikkje funkar? Ja, og kva gjer du om du er langt til skogs utan kaffikjele, blir vitne til at kollegaen din skadar seg stygt, eller ikkje er kar om å få bikkja til å slutta å skita inne? Eller når du vaknar skikkeleg bakfull ein time før ei viktig avtale – eller dei dagane tankane er så mørke at du knapt orkar stå opp? Er det forresten sant at hundar og hestar dreg damer? Kor mykje aftershave er for mykje? Og kva er eigentleg «godt nok»? Leif Einar Lothe (55) er anleggsarbeidar, jeger, skytebas, kaptein, musikar, sambuar, far til tre og eigar av eit tital firma. I denne handboka har han plukka ut ferdigheiter det er lurt å ha i verktøykassa for den som er i gang med vaksenlivet – og ein del praktiske triks som berre er jækla kule å kunna. Han deler òg raust av eigenopplevde historier om kor gale det kan gå, og korleis du i alle fall ikkje bør gjere ting. Felles for alle råda er at dei er enkle både å forstå og fylgja. Over ei rekkje lettlesne og illustrerte sider slår Lothepus fylgje som den nevenyttige kompisen du kanskje alltid har ønskt deg, og som du alltids kan spørja til råds.

  • ISBN/Varenr:

    9788234015762

  • Språk:

    Norsk (nynorsk)

  • Forlag:

    Samlaget

  • Innbinding:

    Innbundet

  • Fagtema:

    Helse, relasjoner og personlig utvikling

  • Målgruppe:

    Voksen

  • Litteraturtype:

    Sakprosa

  • Originalspråk:

    Norsk (nynorsk)