Hopp til hovedinnhold
Omslagsbilde

Diktboka : om arbeid med poetiske tekstar i skolen

Kaldestad, Per Olav Knutsen, Hanne

Utsolgt

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Diktboka, klassikaren i diktundervisninga gjennom ei årrekkje, kjem no i ny og gjennomrevidert utgåve. Boka er skriven for diktelskarar og dikthatarar, og er nyttig for lærarar i grunnskolen og for lærarstudentar. Boka er todelt. I den første delen peikar forfattarane på samanhengen mellom poesien og den produktive barnekulturen. Dei presenterer ulike prinsipp og idear for diktundervisning. Den andre delen er ein antologi av dikt som er plukka ut i samsvar med metodikken i første del. I denne reviderte utgåva er teoridelen bearbeidd og justert i samsvar med den nye læreplanen. Antologidelen er sterkt fornya. Her finn ein poesi frå alle dei største nordiske landa, og dikt frå slutten av det 20. og begynninga av det 21. hundreåret får sin rettmessige plass.

Detaljer