
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Ordsamlinga frå Lærdal er utarbeidd av Anders Skogen (1903-1989) frå Eri i Lærdal. Han var cand.philol. frå Universitetet i Oslo med norsk som hovudfag. Med unntak av ei femårig tilsetting i Norsk Ordbok, arbeidde han som lektor i skulen. Han begynte tidleg å samle ord og uttrykk frå Lærdal med tanke på å gje ut ei mest muleg komplett ordsamling. Å lese boka er til inspirasjon for språkinteresserte. Ho kan gjerne lesast frå perm til perm. I døma på bruk av dei ulike orda får ein eit levande inntrykk av korleis folk levde i Lærdal på 1900-talet. Også dialektnyansar mellom Lærdal og Borgund og mellom Lærdal og Årdal er tekne med. Boka er eit viktig bidrag til å dokumentere lærdalsmålet slik det var i den perioden han skriv frå og slik det for det meste er i dag.
-
Utgivelsesdato:
06.10.2020
-
ISBN/Varenr:
9788230021019
-
Språk:
-
Forlag:
Kolofon
-
Fagtema:
Språk og lingvistikk
-
Emne:
Dialekter, Lærdal
-
Målgruppe:
, Voksen
-
Litteraturtype:
-
Høyde:
24.7 cm
-
Bredde:
17.7 cm