
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Nynorsk som sidemål kjem her i ny utgåve. For å lære seg god nynorsk språkbruk må ein både øve inn syntaks og formverk, lese nynorske tekstar og skrive nynorsk i mange ulike sjangrar. Dette har vi teke omsyn til i denne boka. Slik boka no ligg føre, er dette både ei lærebok og ei arbidsbok. Det er sett av plass slik at elevane kan skrive inn alle svara på oppgåvene direkte i boka. Det blir då lett å repetere og førebu seg til prøver og eksamen, og boka blir nyttig i alle dei tre åra i vidaregåande skole. Mange og varierte oppgåver er komne med. Somme av desse har fasitsvar. Slik blir det mogleg å diffrensiere arbeidet og gir elevane høve til å arbeide sjølvstendig med ein del av stoffet. Den grundige gjennomgåinga av formverket med mange oppgåver, er framleis der, og i tillegg er delen om setningbygging og ordval sterkt utvida. Bakgrunnen for den skriftspråkssituasjonen vi har i Norge, med eit stuss riss av språkhistoria og samanhengen mellom talemål og skriftspråk, er med som ein motiveringsdel oi byrjinga av boka. Eit utval tekstar viser levande nynorsk i ulike sjangrar. Med ny lærerplan i norks blir også eksamen i sidemålet ny, og dette tek vi opp i eit eige kapittel som førebur for eksamenssituasjonen.
-
Utgivelsesdato:
1995
-
ISBN/Varenr:
9788200417095
-
Språk:
-
Forlag:
Universitetsforlaget
-
Emne:
Norsk språk, Nynorsk
-
Litteraturtype:
-
Form:
Lærebøker
-
Utgave:
5
-
Sider:
136