Hopp til hovedinnhold
Omslagsbilde
Kulturfond

Etter Sapfo : roman

Schwartz, Selby Wynn

Innbundet

I salg

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

«Kva vi ville ha? Til å begynne med det halve befolkninga hadde fått berre ved å bli fødd.» Det er 1895. Midt i klesvasken og full av blåmerke føder Rina Pierangeli Faccio barnet til mannen som valdtok henne, og som ho blei tvinga til å gifte seg med. Ubøyeleg bestemmer ho seg for å byte namn, og med det: skape eit anna liv.1902. Romaine Brooks siglar til Capri. Ho har knapt nok pengar til ferja, ingen til mat. Penslane hennar er avskala og stive. Men ho er viss på at ho kan få selt eit måleri og slik forandre seg sjølv og verda si. I 1923 skriv Virginia Woolf: Eg vil starte med å skildre mitt eige kjønn. Fortald gjennom eit kor av ulike stemmer er Etter Sapfo ei gledefylt nytolking av livet til fleire framståande feministar, sapfistar, kunstnarar og forfattarar frå førre hundreårskiftet, som kjempar for kontroll over eige liv, for frigjering og rettferd – eit eige rom. Sarah Bernhardt, Colette, Gertrude Stein, Radclyffe Hall og Josephine Baker er blant dei mange kvinnene som deler sidene i denne romanen, som er like heftig som han er lysande. Frodig og poetisk, rasande og morosam. I Etter Sapfo har Selby Wynn Schwartz skapt ei forteljing som hylla fortidas kvinnelege pionerar og kunsten deira, og som gir håp for både samtida og framtida.

Detaljer