Hopp til hovedinnhold
Omslagsbilde

Kropp og helse : eit temahefte om kosthald og helse for vaksne innvandrarar

Holte, Signe Vibeche Alnæs, Diana Røynestad, Tove-Dina

Utsolgt

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Temaheftet Kropp og helse er for lærarar og deltakarar i norskundervisning for framandspråklege. Heftet er det første av fem med samfunnsfaglege emne laga for vaksne innvandrarar med lite skolegang. Vox har gjort temaet kropp og helse til ein del av norskopplæringa for innvandrarar med låg utdanning. Målet er å gi innvandrarar, spesielt kvinner, kunnskap og mot til å ta kontroll over eiga helse samtidig som dei lærer norsk. Utforma av innvandrarkvinner Tekstane er vortne til på skoleverkstaden i Bydel Furuset i Oslo. Her har innvandrarkvinner med lite skolegang stått sentralt i utforminga av tekstane. Alle tekstane er derfor utprøvde og tilpassa målgruppa. Målet er å presentere relevante samfunnsfaglege emne for vaksne innvandrarar på eit mest mogleg lettfatteleg språk. Heftet er skrive i samsvar med dei krava til lettlespublikasjonar som Statens informasjonsteneste har formidla. Løp B Læremiddelet vender seg til lærarar og elevar i norsk med samfunnskunnskap for framandspråklege, løp B. Prosjektet er sett i verk av Undervisnings- og forskingsdepartementet. Vox har stått for gjennomføringa.

Detaljer