Handlinger
Beskrivelse
Omtale
I denne forteljinga møter vi to jenter som på veg gjennom skogen ein mørk vinterkveld finn, eller leikar at dei finn, ein grå hest. Heile vinteren held dei leiken gåande, og kjem med mat til hesten, som dei har under ei gran. Da den eldste av jentene byrjar på skulen, blir den andre åleine med fantasihesten, og trur seg til bestefar for å få hjelp. Bestefar løyser problemet ved å lage eit merkeleg eventyr om smånissar som har teke hand om hesten, og det heile løyser seg opp på ein nokså flåsete måte. Språkforma i boka er særs konservativ. Alle oppslaga er illustrerte. Venstre sida har småbarneteikningar. Til høgre er det heilsides fargeillustrasjonar med eit nokostilisert uttrykk. På nokre av bileta er jentene eldre enn dei er i teksten,men elles held illustrasjonane god kvalitet. Norsk bokreidingslag, 1998.
-
Illustratør:
-
Utgivelsesdato:
1998
-
ISBN/Varenr:
9788278340110
-
Språk:
-
Forlag:
Norsk bokreidingslag
-
Målgruppe:
, Barn
-
Alder:
3 - 9
-
Litteraturtype:
-
Form:
Bildebøker
-
Sider:
28