Hopp til hovedinnhold

Klikk her for å se avvik og utvikling i leveransene våre (sist oppdatert 21.8)

Omslagsbilde

Folket langs fjorden

Bruaset, Oddgeir

Utsolgt

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Historia om folket langs Storfjorden er ei historie om eit liv i slit, eit liv i fare, men òg eit liv som har eventyrets glans over seg, sett med dagens auge. Dei levde i stupbratte fjellsider, ute på stupkanten, innunder fjellhamrar, og dei levde av det naturen kunne gje dei, grastuster til krøtera, gras dei henta overalt, nede ved strendene, oppe på hamrane. Furua og lauvskogen i liene vart byggjevyrke til alle dei hus dei trong, til ved og varme og til reiskapar og andre hjelpemiddel dei hadde bruk for. Som oftast budde dei i lang avstand frå kvarandre, og vegen mellom heimane var ein krøterstig i brattfjellet, der snøskreda og steinspranga truga. Men trass slitet og trass faren kjende folket ei lukke over å få det til, vere sjølvhjelpte, sleppe å vere andre til last. No har folket søkt lunare lende, men titt går lengten attende til fridommen dei kjende der oppe på hyllene sine. Og det finst jamvel menneske som i seinare år har søkt attende til dei veglause gardane langs fjorden, sjølv om deira liv er meir lettvint enn det forgjengarane hadde. NRK-journalisten Oddgeir Bruaset laga i 1989 eit oppsiktsvekkjande TVprogram om folket langs Storfjorden. Frå dette programmet går det ei bein line fram mot TV-serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Eit par år etter programmet frå Storfjorden skreiv han si første bok. Ho handla om storfjordfolket, og ho vart starten på ein forfattarkarriere som femner om meir enn 25 bøker. Denne boka byggjer vidare på dei andre bøkene frå Storfjorden, men ho inneheld så mykje nytt stoff og så mange fleire bilete - for det meste tekne av fotokunstnaren Per Eide - at det er ei ny bok meir enn ei ny utgåve. FOLKET LANGS FJORDEN ER EI BOK OM VÅR FORTID, MEN EI BOK FOR VÅR SAMTID.

  • Utgivelsesdato:

    19.07.2016

  • ISBN/Varenr:

    9788247605097

  • Språk:

    , Norsk (nynorsk)

  • Forlag:

    Genesis

  • Fagtema:

    Historie og arkeologi

  • Emne:

    Storfjorden, Kulturhistorie

  • Målgruppe:

    , Voksen

  • Litteraturtype:

    Sakprosa

  • Sider:

    312

  • Høyde:

    29.4 cm

  • Bredde:

    21.7 cm

Vegen som vart min : Oddgeir Bruaset ser seg tilbake

Vegen som vart min : Oddgeir Bruaset ser seg tilbake

Bruaset, Oddgeir
9788234015502 Innbundet
15.10.2025
Norsk (nynorsk)

Forventes utgitt
Gjensyn : der ingen skulle tru at nokon kunne bu : korleis gjekk det med utkantfolket?

Gjensyn : der ingen skulle tru at nokon kunne bu : korleis gjekk det med utkantfolket?

Bruaset, Oddgeir
9788234011177 Innbundet
06.12.2022
Norsk (nynorsk)

I salg
Gjensyn : der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Gjensyn : der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Bruaset, Oddgeir
9788234007026 Innbundet
18.10.2022
Norsk (nynorsk)

Utsolgt
Juleklang : historiene bak julesongane våre. 2021

Juleklang : historiene bak julesongane våre. 2021

Bruaset, Oddgeir
9788241934766 Heftet
04.11.2021
Norsk (nynorsk)

Utsolgt
Stille natt : historiene bak julesongane våre

Stille natt : historiene bak julesongane våre

Bruaset, Oddgeir
9788241934056 Innbundet
10.11.2020
Norsk (nynorsk)

I salg
Juleklang : historiene bak julesongane våre

Juleklang : historiene bak julesongane våre

Bruaset, Oddgeir
9788241934018 Heftet
04.11.2020
Norsk (bokmål)

Utsolgt
Jul der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Jul der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Bruaset, Oddgeir
9788241932878 Heftet
08.11.2019
Norsk (nynorsk)

Utsolgt
Jul der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Jul der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Bruaset, Oddgeir
9788241931758 Heftet
15.11.2018
Norsk (nynorsk)

Utsolgt
Jul der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Jul der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Bruaset, Oddgeir
9788249130597 Heftet
13.11.2017
Norsk (nynorsk)

Utsolgt
Du grøne, glitrande : ei hyllest til juletreet

Du grøne, glitrande : ei hyllest til juletreet

Bruaset, Oddgeir
9788241915130 Innbundet
17.10.2017
Norsk (bokmål)

I salg