Hopp til hovedinnhold

Klikk her for å se avvik og utvikling i leveranser og nettbutikk (oppdatert 3. oktober)

Omslagsbilde
Utsolgt

Handlinger

Beskrivelse

Omtale

Visste du at kusymre tyder "ku-sommar" fordi kyrne kunne sendast på beite når ho blomstra? Eller at unge menn som ikkje ville ut i militæret, nytta det etsande stoffet i kvitveisen til å lage stygge sår på føtene slik at dei ikkje kunne bruke støvlar? Desse og mange andre spennande opplysningar finn du i denne boka som inneheld illustrasjonar og tekstar om 61 vanlege plantar som veks i vegkanten på Vestlandet. Teikningane er laga av kjende kunstnarar. Tekstane fortel om plantane sine særpreg når det gjeld oppbygging, førekomst, økologi, bruk og folketru. Boka inneheld også ei innføring i kva som er spesielt med vegetasjonen i vegkantane og om samspelet med omgjevnadene. Kart over dei fire vestlandfylka viser deg nokre stader der du finn spesielt interessante artar i vegkanten. Ved hjelp av denne boka vil du få auga opp for små perler langs med vegane og dermed auke opplevinga di av det flotte vestnorske landskapet!

Detaljer