
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Forlagsomtale Mange kommunar utover landet må i dag leggje ned små skolar på grunn av dei høge kostnadene per elev. Utover det som gjeld økonomi i trong tyding, synest dei ansvarlege både på lokalt og på nasjonalt nivå å ha mangelfull kunnskap om sterke og svake sider ved slike små skolar, om kva dei har å seie for bygdene, og om kva følgjer sterk sentralisering får for elevar, bygdelag og lokalsamfunn. I denne boka går forfattarane gjennom svensk og norsk forsking med relevans for slike problemstillingar. Forskinga blir vurdert i forhold til lokale og regionale føresetnader og til nyare straumdrag som globalisering og marknadsøkonomi. Forfattarane peikar òg på nokre viktige sider ved skole og utdanning i distrikta som vi i dag ikkje kan uttale oss tilfredsstillande om, fordi det skortar på relevant forsking. Endeleg blir det gjort framlegg om eit svensk-norsk utviklingsprogram for skole og utdanning i distrikta.
Detaljer
-
Utgivelsesdato:
2006
-
ISBN:
9788245004342
-
Språk:
, Norsk nynorsk , Svensk
-
Forlag:
Fagbokforl. -
Fagtema:
-
Emne:
, Utdanningspolitikk , Norge , Sverige
-
Målgruppe:
, Voksne
-
Litteraturtype:
-
Originaltittel:
Skolen og distrikta
-
Sider:
193


