
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
Når vi driv god agronomi, kultiverer og forbetrar vi dyrkingsjorda. Kunnskap om eigenskapane til jorda og ytre forhold som påverkar, bidrar til ein jordkultur – det å behandle dyrka jord – som sikrar god plantevekst. I tråd med dette tar boka opp grunnleggande kunnskap om jordkultur og jord som vekseplass for dei fleste aktuelle plantekulturar. Agronomi – jordkultur bidrar til å utvikle ei forståing for dei miljø- og klimautfordringane vi no står i. Måten vi arbeider med jorda på har òg mykje å seie for miljøet og samspelet i naturen. Ved å peike på forskjellar på god jordkultur mellom ulike driftsformer, f.eks. ulik bruk av husdyr- eller mineralgjødsel, gir boka deg kompetanse til å arbeide med økologisk så vel som konvensjonell drift. Målet er å basere all jordkultur og planteproduksjon på økologiske og berekraftige prinsipp. Kompetansemåla som blir dekt, er henta frå programområdet vg2 Landbruk og gartnarnæring, i tillegg til kompetansemåla for vg3 Landbruk og delar av måla i vg3 økologisk landbruk. Agronomi – jordkultur nettressurs tilbyr ein illustrert omgrepsdatabase, ekstra oppgåver og undervisningsopplegg. Svein Skøien er utdanna ved Norges landbrukshøgskole (no NMBU) og var tilsett der som statskonsulent i jordfag. Ein periode var han òg amanuensis og informasjonsdirektør. Skøien har undervist i jordfysikk og jordkultur og forska spesielt på jorderosjon. Han var med på å etablere dei første universitetskursa i økologisk landbruk. I ein kort periode var han òg tilsett som forskar på vassmiljøtiltak i NIBIO. Skøien har vore landbrukssjef i Ås kommune og fylkesagronom i Østfold fylke. Sidan 2017 var han tilsett i Norsk landbruksrådgiving med ansvar for klimatiltak i jordbruket og «Klimasmart landbruk».
-
Utgivelsesdato:
22.11.2023
-
ISBN/Varenr:
9788211046925
-
Språk:
-
Forlag:
Fagbokforlaget
-
Emne:
Jord
-
Målgruppe:
, Voksen
-
Litteraturtype:
-
Form:
Lærebøker
-
Originaltittel:
Agronomi
-
Originalspråk:
-
Sider:
291
-
Høyde:
26 cm
-
Bredde:
20.5 cm