
Dei fine ferjene
Ersland, Otto
Handlinger
Beskrivelse
Omtale
"Å veksa opp på 1960-talet var flott. Bilane blei større og finare. I fjernsynet kommenterte Erik Tandberg og Jan P. Jansen romferdene, og Erik Bye song Skomværsvalsen saman med eit mannskor av sjømenn med blazer og kvit hue. Me hadde berre ein kanal, og alle hadde sett det same kvelden før. Me kunne sitja på den same ferja og snakka om dei same episodane av Jaget eller Krutrøyk. Nesten kvar vår gjennom det meste av 1960-talet kom det ei ny ferje i juni". Dette er historia om dei fine ferjene til HSD sett frå ein reisande sin ståstad. Det handlar om ferjene slik me opplevde dei som passasjerar, og om eit stykke viktig lokalhistorie knytta til moderniseringa av vestlandssamfunnet. Det er óg historia om kvar ferjene blei av etter at me ikkje lengre hadde bruk for dei, men det er først og fremst ei kjærleikshistorie om ferjene som HSD bygde i tida frå 1938 til 1968, tida som var gullalderen for dei fine ferjene. Boka er i formatet 22 X 21 cm, med 180 fotografier av dei 15 finaste ferjene til HSD i perioden 1938 til 1968 i tillegg til litt om to ferjer som kom i 1970 og 1971. Ragnar Hovland har skrive forordet til boka.
-
Utgivelsesdato:
2005
-
ISBN/Varenr:
9788281630093
-
Språk:
Norsk (nynorsk)
-
Forlag:
Kapabel
-
Innbinding:
Innbundet
-
Fagtema:
Livsstil, hobby og fritid
-
Emne:
Lokalhistorie, Sjøfartshistorie, Vestlandet
-
Målgruppe:
Voksen
-
Litteraturtype:
Sakprosa
-
Originalspråk:
Norsk (nynorsk)
-
Utgave:
1
-
Sider:
120